Det vert inga «tvangssamanslåing» for Stryn i denne omgangen. Fylkesmannen oppmodar i staden om nye drøftingar med Eid og Gloppen.

Dette gjekk fram av fylkesmann Anne Karin Hamre si tilråding i kommunereforma torsdag.

– Eg trur ikkje kommunereforma vil vere ferdig etter at Stortinget har gjort sitt vedtak til våren. Vi tilrår at dei kommunane som ikkje er med i dette første løpet held fram med drøftingane, sa Hamre.

Respekterer avgjerda

– Vi har to prosjekt der kommunar har gjort gjensidige vedtak om samanslåing frå 2020: Førde, Naustdal, Gaular og Jølster i Sunnfjord og Hornindal og Volda i indre Nordfjord og Møre og Romsdal. Vi er samde i desse vurderingane og konklusjonane og tilrår at dei vert nye kommunar frå 2020, sa fylkesmannen, som la til følgjande om Hornindal sitt val:

– Vi har valt å respektere den avgjerda. Dette vil bli ein god kommune som vil oppfylle kriteria i kommunereforma.I tillegg tilrår fylkesmannen samanslåing av Sogndal, Leikanger og Balestrand i Sogn og Vågsøy og Selje i Nordfjord.

Lenger modningstid

Andre kommunar vert ikkje tilrådd samanslegne i denne omgang, men vert oppmoda om å halde fram med drøftingar.

– I nokre tilfelle rår vi til at kommunane held fram med drøftingane både på kort og lengre sikt. Det er opna for at kommunar som melder seg på med vedtak om samanslåing i løpet av 2017, også kan få nyte godt av dei økonomiske verkemidla som ligg i denne reforma. For andre vil det vere naudsynt med grundigare drøftingar og lengre modningstid i det vi kan kalle neste fase i kommunereforma, sa fylkesmannen. Ho oppfordra her Eid, Gloppen og Stryn om å gå i nye drøftingar.

– Ingen problem

– Det vart inga tvangssamanslåing for Stryn, ordførar Sven Flo?

– Nei, og det var heller ikkje venta. Men eg trur vi kjem til å få høyre det frå sentrale politikarar og kanskje også frå fylkesmannen i åra framover at vi skal sjå på ei muleg samanslåing. Den vurderinga skal vi gjere når det er naturleg å ta opp diskusjonen politisk.

– Kva no?

– Vi kjem til å evaluere og gå gjennom fylkesmannen si utgreiing på formannskapsmøtet 12. oktober, så får det danne grunnlaget for den politiske diskusjonen til kva vi gjer vidare framover. Eg har ingen problem med å ta denne utfordringa. Men ut frå prosessen så langt er det ingen nye element som gjer at ting har endra seg vesentleg.

Fylkesmannen peika m.a. på næringslivet som noko som ville nyte godt av at desse tre kommunane vart slegne saman.

– Eg er litt i stuss over dette. Næringslivet fungerer utan grenser uansett. Veksten i Stryn er komen på grunn av at vi har historia, bedriftene, eigarstrukturen og folka, og ikkje på grunnlag av om ei grense går her eller der. Så eg trur den analysen er litt tynn, seier Flo

Ingen overraskingar

Flo seier det er interessant at fylkesmannen sa «i løpet av 2017» i si utgreiing.

– Dersom dette stemmer, så betyr det vi har tid nok til å ta den diskusjonen når han er moden. Det hadde vore ei utfordring om fristen hadde vore fram til årsskiftet, slik han var opprinneleg. Det er trass alt berre nokre få veker til, seier Flo, som legg til:

– Elles var det ingen overraskingar når det gjaldt dei som blir tilrådd samanslegne. Men fylkesmannen kunne kanskje ha brukt litt meir tid på ei grundigare analyse i høve til Hornindal sitt val, og også vurderingar i høve til regionreforma.