For fjorten dagar sidan gjekk Folven sykkelfestival av stabelen. Sist helg var det nye sykkelturar som stod på programmet, men denne gongen var det sykkelcamp berre for jenter.

– Rundt ti jenter fekk ei flott helg med guidar, fint vær og mange inntrykk, opplyser Tommy Aslaksen, ein av dei ansvarlege for opplegget.

Nedoversykling

Jentene fekk vere med på eit variert opplegg med sykling frå morgon til kveld. Laurdagen gjekk med til nedoversykling, og 1500 høgdemeter vart sykla nedover frå mellom anna Gryta i Stryn.

Vêret var på lag med arrangørane, og deltakarane fekk oppleve naturen på sitt beste. I tillegg til sykkelturane var det også lagt opp til sosialt samvær på kveldstid.

Himalayastien

– Søndag vart det sykling i Grasdalen med isbreen hengande over oss, og etter kvart enda vi med å sykle Himalayastien i skikkeleg sommarvêr, fortel Aslaksen.

Han seier også at den nye delen av løypa, som er laga for hand, fall i smak sjølv om den ikkje er ferdigstilt heilt ned enno.

Teknikk

Å sykle på smale stiar og i fjellet krev god teknikk, og deltakarane fekk kursing i både sykkelteknikk og diverse sykkelinnstillingar. Aslaksen er godt nøgd med opplegget og har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Samling neste år

Jentecamp er ein ide Aslaksen vil bygge vidare på, og det er allereie bestemt at det neste år vil det bli ei ny samling i oktober. I år var det deltakarar både frå nærområdet og frå Austlandet.

– Eg kan nesten garantere at det kjem fleire jenter neste år, seier Tommy Aslaksen.

Det vart sykla på smale stiar i fjellet.
Gode sykkeltekniske ferdigheiter er viktig.
Fjellheimen kan like godt brukast på sykkel som til fots.