Med tapet mot Herd sist helg ser det mørkt ut med tanke på framleis 3. divisjonsspel neste sesong for Stryn. Med fire kampar att står raudtrøyene med 31 poeng, og laget kan maksimalt oppnå 43. Træff på fjerdeplass har allereie 40 poeng. Stryn har i tillegg minus i målforskjell, og det gjer det endå vanskelegare.

Femteplassen

Håpet til Stryn ligg no i at klubben kan knipe femteplassen som kan vere nok til vidare eksistens i divisjonen. Om det held er for tidleg å seie noko om, det spørst korleis poengstoda blir i dei andre avdelingane.

Gir ikkje opp

Etter kampen mot Herd sa trenar Johann Sigurdsson at Stryn ikkje kjem til å gje opp før siste sjanse er ute. Laurdag kjem Florø 2 til Stryn.

Kampen kan du følge her.