I haustferien 2011 kom snøveret overraskande på mange, og det førte til kaos på glatte og snødekte vegar.

– Sjølv om langtidsvarselet melder fint ver, kan dette snu fort. Skal du opp i høgda så sko bilen rett, og bytt til viterdekk før avreise. Brukar du piggdekk, så legg heller om to gongar, er rådet frå Engebretsen.

Først frå 1. november har du lov til å legge om til vinterhjul med pigg (unntak: Nordland, Troms og Finnmark, der datoen er 15/10). Men forskrifta som seier at «kjøretøy må ikke brukes uten at det er sikret tilstrekkelig veigrep i forhold til føret, om nødvendig ved bruk av vinterdekk med eller uten pigger, kjetting eller liknende». Difor kan også du som piggdekk-bilit skifte no, dersom du skal opp i høgda eller det er fare for snø der du skal.

Men det kan hende at du må setje på sommarhjula igjen før vinteren set inn for alvor. NAF sitt klare råd er heller å legge om ein ekstra gong, for å sikre deg at du er riktig skodd. Forskrifta om tilstrekkeleg veggrep gjeld også under milde forhold.

– Skal du køyre der det er varmegrader har ikkje piggfrie vinterdekk dei eigenskapane som passar for føret. Vinterdekk er laga for kuldegrader, og har difor dårlegare grep på våt asfalt når det er varmt ute, seier Engebretsen og minner om at det er ekstra viktig å ha dekk med godt møster om hausten, fordi det er større fare for vannplaning.