Fylkestinget vedtok tysdag å auke talet på lærlingplassar i fylkeskommunen frå 14 til 22. Fleire politikarar, mellom desse Jon Olav Kvamme (KrF) og Sonja Øvre-Flo (H), snakka i debatten varmt om yrkesfaga og peika på at offentleg sektor har eit særskilt ansvar her, og at det er avgjerande med læreplassar for at yrkesfagelevar skal få fullføre opplæringa si.

KS vedtok på landstinget i april at kvar kommune skal ha to lærlingar per 1000 innbyggjar. Ut frå dette bør Sogn og Fjordane fylkeskommune ha som mål å ha to lærlingar per 10.000 innbygg jar innan 2018.– Ut i frå samfunnskontrakten, KS si målsetjing og ansvaret fylkeskommunen har for vidaregåande opplæring bør fylkes- kommunen til ei kvar tid ha tilsett minimum 22 lærlingar, heitte det i fylkesrådmannen si tilråding. Sogn og Fjordane har i dag 12 lærlingar innan IKT-/service-og dataelektronikarfaget, èin lærling i hestefag og èin lærling i kontor- og administrasjonsfag. Andre lærefag som kan vere aktuelle for fylkeskommunen er byggdriftarfaget, institusjonskokk og barne - og ungdomsarbeidarfaget.