Fylkesrådmann Tore Eriksen la seg flat og beklaga på det sterkaste overfor fylkestinget då bruken av konsulenttenester i samband med Fjord1-salet var oppe i tinget tysdag.

Deloitte AS har gjennomført forvaltningsrevisjon i samband med fylkesrådmannen sine kjøp av advokat- og rådgjevingstenesteer i tilknyting til salet av Fjord1-aksjane. Revisjonen er gjort på oppdrag frå fylkeskommunen sitt kontrollutval. I rapporten konkluderer Deloitte AS med at fylkesrådmannen braut lova om offentlege innkjøp i samaband med kjøp av tenester frå selskapa Wiersholm og DHT Corporate Service då dei aktuelle tenestene ikkje vart lagde ut til fri konkurranse.

I følgje Bergens Tidende har desse to selskapa tent over 20 millionar kroner på å hjelpe Sogn og Fjordane fylkeskommune med å selje Fjord1. Fylkesrådmann Tore Eriksen sa til fylkestinget at han hadde gjort ein feil, og ba fylkestinget om orsaking. Arbeidarpartiet fremja i fylkestinget mistillitsforslag mot fylkesrådmannenn og fekk støtte av Venstre, MDG og Frp, men var i mindretal. Fleirtalet med Høgre, KrF og Senterpartiet vedtok dermed at fylkestinget tek rapporten til etterretning.