Oddbjørn Bruland vart bekymra då han såg Storelva i Utvik vekse seg stor på kort tid i sommar. Han er redd for konsekvensane ein storflaum kan få i Utvik.

Det var under ein nedbørsperiode i august at Storelva i Utvik vaks seg svært stor på kort tid.

– Det var ganske intenst med nedbør og i løpet av ein time steig vatnet i elva med ein halv meter. Eg syntest det såg ganske dramatisk ut, seier Oddbjørn Bruland. Han kjem frå Utvik og jobbar til dagleg som professor ved institutt for Vatn og miljøteknikk på NTNU i Trondheim.

Dette fekk Bruland til å sende inn ei bekymringsmelding til Statens vegvesen og til NVE. I brevet til Vegvesenet nemner han fleire punkt langs elveløpet han er redd for kan rase ut ved stor vassføring i elva. Mellom anna ein grusveg som går langs elva og to bruer som riksvegen går over. Bruland trur konsekvensane kan bli store dersom vatnet hadde ført med seg brufundament eller grus nedover elva.

– Dersom noko rasar ut og legg seg i elva og dermed fører til at elva byrjar på eit anna løp, då trur eg det kan bli dramatisk for Utvik sentrum. Vi har sett mange eksempel der det har gått skikkeleg gale, som i Flåm og Odda. I Utvik ligg heile sentrum på ei elvevifte, seier han.

Vil sprenge vekk stein

Statens vegvesen meiner at dei to bruene det gjeld er solide nok til å tole stor vassføring.

– Bruene er fundamentert på fjell og vil tole ein storflaum, men viss det blir voldsomt store vassmengder og elva går over breiddene sine, kan det vere fare for skadar på vegen, seier Audun Trygve Borlaug i Statens vegvesen. Dei ønskjer ei synfaring med NVE for å sjå om ein kan sprengje vekk ein fjellknaus i elveløpet for å betre vassføringa under den eine brua.

– Det er ikkje konsekvensane av at vatnet skvalpar over vegen eg er bekymra for. Det er jo ikkje voldsomt kritisk. Eg meiner det er viktig å sjå elva som ei heilskap og ikkje berre dei utvalde punkta for seg. Eg trur ein burde tenke seg litt om her, seier Bruland.

NVE på synfaring

Anders Jarle Muldsvor i NVE er kjent med bekymringsmeldinga til Bruland.

– Det er definitivt ei interessant problemstilling han tek opp. I Norge er det lov å bu flaumutsett og det er ingen som forbyr det. Det er ikkje nokon som flyttar eit hus fordi det er kan liggje utsett til for flaum. Det er først når det gjeld nybygging at lova kjem inn, seier han. Muldsvor vedgår at dette er ei aktuell problemstilling.

– Av eigenerfaring ser det ut som flaumtoppane er blitt kvassare. Vi har meir intens nedbør verkar det som, om ein ser på dei siste flaumhendingane i 2014 og 2015. Berre i august månad var det to flaumar i Stryn. Dei var ikkje store, men kom relativt tett, seier han.

Det er utført sikringstiltak i Storelva, frå fjorden og opp til Vikane kraftlag. Dette vart gjort i byrjinga av 2000. Etter flaumen i 2014 vart delar av elva utvida og nokre skadar reparert. Det er ikkje gjort tiltak vidare opp over elva som Muldsvor kjenner til.

At ein storflaum kan få dramatiske konsekvensar for Utvik sentrum er ikkje Muldsvor einig i.

– Eg trur ikkje det er noko ein bør gå å tenkje på, seier han.