Ein internasjonal matbord i kantina på Stryn vidaregåande skule i ettermiddag, innleiar ein ny sesong med språkkafè i Stryn.

– Alle er hjarteleg velkomne til å smake på gode rettar frå mange ulike land, seier arrangørane.

- Språkkafèen er ein veldig viktig møteplass, og vi har lyst å ha med fleire norsktalande. Her er alle velkomne. Det er og veldig kjekt at vi har fått til eit internasjonalt matbord same kveld, seier dagleg leiar i Stryn Frivilligsentral, Marit Sande Skrede.

Det er tre år sidan siste matkveld, då dette var ein del av Kulturnatt. No blir det på kantina til Stryn vidaregåande skule, samstundes som den første språkkafèen denne hausten. På menyen står matrettr frå Sudan, Somalia, Eritrea, Syria, Afganistan og Polen, og kaffi og kaker.

Her blir det kulturelle innslag frå mange land med musikk og dans.

Dette er eit godt samarbeid mellom mange aktørar, blant anna Stryn Røde Kors, Stryn Frivilligsentral, Flyktningtenesta, Stryn bibliotek og Stryn vaksenopplæringssenter.