50 stillingar skal bort i såkalla «indirekte aktivitetar». Det opplyste selskapet i ei børsmelding onsdag. Tiltaket vil gjennomførast ved omplasseringar, tilbod om sluttpakkar og oppseiingar.

- Rundt halvparten vil få tilbod om nye stillingar innan produksjon. Med om lag 1 000 sysselsette i produksjon gir den naturlege avgangar fleksibilitet til omplassering, heiter det i meldinga.

– Totalt er det 25 årsverk som skal bort fordelt mellom våre avdelingar i Sykkylven og på Grodås. Korleis fordelinga vil bli er ikkje klart, seier konsernsjef i Ekornes Olav Holst-Dyrnes til Fjordingen.

Frist ut oktober

– Det er klart at situasjonen har ført til ei usikker stemning på huset. Det vi veit, er at alle som er i kategorien 62 år og over, skal i møte om frivillig avgang med AFP (avtalefesta pensjon. Journ. anm) seier hovudtillitsvalt ved industri-energi ved Ekornes, Ingvald Løvlid.

– Er det mange tilknytt Grodås som er i denne kategorien?

– Det er ingen, seier Løvlid. Han fortel at dei som kan takke ja til AFP og sluttpakkar har fått frist ut oktober til å gi tilbakemelding om dei vil gå av. Kor mange dette kan bli vil ikkje Løvlid eller hovudverneombod Ove Fagerheim spekulere i.

– Vi får svar tidlegast 1. november, men vi kjem vel neppe utanom kutt her, seier Løvlid.

At Ekornes gjekk ut med at det skal kuttast i arbeidstokken kom ikkje som eit direkte sjokk.

– Vi har følt på dette ganske lenge, men vi har jo håpa at det skulle snu, seier Løvlid.

Skal spare 20 mill i året

– Det er aldri gøy å måtte gjere slike grep, men dette er ein del av ein prosess vi starta i fjor. Målet er å styrke vår konkurransedyktigheit. Situasjonen i Ekornes er ikkje akutt, men vi må ligge i forkant, seier konsernsjefen.

Tiltaka med å fjerne 50 stillingar er venta å spare Ekornes for 20 mill. kroner årleg. Det er sett av ti millionar kroner til å gjennomføre tiltaka.

Ekornes avd. Grodås har i dag 73 årsverk fordelt på 85 tilsette. Fleire i administrative stillingar får tilbod om stillingar i produksjonen. Foto: Roger Oldeide