Det skal bli lagt vassledning på Langeset i Stryn. Det var i høve gravearbeid på staden at det vart avdekt funn som endte med full stopp i gravearbeid i dette området førre veke.

Funna skal dreie seg om såkalla dyrkningslag, eller restar av landbruk og jordbruk.

- Interessant

Det skal ikkje vere veldig uvanleg å finne restar etter kol og landbruk ved gravearbeid, men funnet på Langesethøgda skal likevel vere interessante. Det meinar arkeolog Karoline Hareide Breivik som er rådgjevar ved nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dyrkningslag Funna, som er vanskeleg å sjå her, dreier seg om såkalla dyrkningslag som tyder på jordbruk. Kolrestar vart funne igjennom fire lag over ein meter med jord. Foto: Karoline Hareide Breivik

– Det som er interessant med dette funnet er at det er såkalla fire-fasa. Det er altså fire lag med dyrkninglag over ein meter med jord. Dette tyder på at her har det vore busetting med jordbruk over lang tid. Det er ikkje ofte vi treffer på så djupe lag, fortel Hareide Breivik.

– Prøvene vi har henta inn er sendt til analyser ved eit laboratorie i London. Vi ventar svar på desse prøvene, men funna er truleg frå jarnalderen (500 f.Kr. – 1050 e.Kr.) eller frå bronsealderen (1800 f.Kr - 500 f.K) seier Hareide Breivik.

Tidlegare gravplass

Arkeologen legg til at det i 1906 vart funne ein gravhaug like aust for denne funnstaden på Langesethøgda.

Av det som tidlegare er loggført frå denne staden går det fram at ei kvinnegrav og ei mannsgrav frå yngre jarnalder vart funnen her.

Det vart også funne mellom anna ei spenne, glasperler, ein kjele og ein ullkam ved kvinnegrava. Ved mannen vart det funne spyd og naglar, opplyser Hareide Breivik.

Interessante funn – Det er ikkje ofte vi treffer på så djupe lag med dyrkningslag, seier arkeolog Karoline Hareide Breivik. Foto: Privat

– Dette er altså tidlegare funn som er gjort berre 30 meter aust for dei siste funna, seier arkeologen.

Etter at prøver av funna vart henta inn, vart området frigitt for vidare gravearbeid onsdag.