Det er ein vond ankel som har sett ein stoppar for vidare spel, og portugisaren skal opererast fredag. Det betyr at det unge laget blir utan ein av berebjelkane i lengre tid.

Kritisk

Operasjonen til Correia må gjerast no, og klubben må no finne ei løysing.

– Sidan Ticha må operere og blir ute ei stund, blir det då jobba med å finne ein erstattar for ho? Anten på lån eller permanent?

– Vi skal ha styremøte i kveld (torsdag), og der vil vi diskutere kva vi gjer seier leiar i Stryn handball, Eli Kroken.

– Eg håpar klubben kan finne ei løysing, seier Correia sjølv.

Vann sist

Stryn vann siste kamp mot Runar i Strynehallen og sikra seg med det sesongens to første poeng. Laurdagens motstandar Stord kjem med fire strake sigrar i bagasjen og må finne seg i å vere favorittar i denne kampen.

Correia seier at ho har fokus på utvikling av laget først og fremst, så får poenga kome deretter.

– Vi skal prøve å lage problem for Stord, og bli betre som lag.