Politimeister i Vest Politidistrikt, Kaare Songstad, har sendt framlegg til endring av tenestestad- og tenesteeiningsstruktur.

I framlegget er det lagt opp til at Sogn og Fjordane skal delast i tre tenesteeiningar, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Ei tenesteeining er eit geografisk område som kan ha fleire tenestestader, og som skal ivareta følgjende oppgåver: Vakt- og patruljeteneste, publikumsekspedisjon, kriminalitetsførebyggande arbeid, etterforske straffesaker, ha kontakt med samarbeidspartnerar og utføre sivil rettspleie og forvaltingsoppgåver.

Ei tenesteeining skal leiast av ein lensmann eller ein politistasjonssjef. I tenesteeining Nordfjord er det lagt opp til at det skal vere tre tenestestader: Stryn, Eid og Vågsøy. Hornindal ligg under tenestestad Stryn, Selje under tenestestad Vågsøy.– Kvar skal tenesteeining Nordfjord leiast frå, politimeister Kaare Songstad?– Utgangspunktet er at Nordfjord skal leiast frå Eid. Men dette er også noko av det vi ønskjer innspel på. Det står invitasjonen.Politimeisteren opplyser også at leiaren for ein av tenestestadane også skal vere leiar for tenesteeining Nordfjord, altså til dømes lensmann eller politistasjonssjef på Eid.

- Utgangspunktet er at tenesteeining Nordfjord skal leiast frå Eid. Men dette ønskjer ein innspel på frå kommunane, seier politimeister Kaare Songstad til Fjordingen. Arkiv

Tenestestadane skal vere eit lensmannnskontor eller ein politistasjon og vere leia av ein lensmann eller ein politistasjonssjef. Politimeisteren seier tenestestadane skal ivareta følgjande kvalitetskrav:- Ta imot meldingar, søknadar og førespurnadar samt rettleie publikum.- Bidra til eit kvalitiativt løft for etterforskingsarbeidet.- Ha fleksible tenestetider som gjer det mogeleg å få gjort tenester hos politiet utanfor kontortid minst ein dag i veka.- Vere lokalisert slik at minst 90 % av innbyggjarane i politidistriktet har maksimalt 45 minutt køyring til næraste tenestestad.

Eit anna omgrep i den nye strukturen er geografisk driftseining. Dette er eit område som kan innehalde fleire tenesteeiningar. I framlegget er det skissert to alternative løysingar. I den eine løysinga er Nordfjord ei eiga geografisk driftseining. I den andre løysinga utgjer tenesteeiningane Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Nordhordland driftseining Nord. Den geografiske driftseininga skal vere leia av ein lensmann eller politistasjonssjef som er leiar for ei tenesteeining. I Sogn er det lagt opp til tre tenestestader, i Sunnfjord fem. Totalt 12 av dagens lensmannskontor blir dermed borte.

Framlegget skal no ut på høyring i kommunane i seks veker.