Den gamle steinbrua som kryssar elva Skjerdingdøla vart bygd frå 1882 til 1883, til ein pris av 6.737 kroner, og var eit viktig byggverk langs den gamle Strynefjellsvegen. Brua krysser jelet om lag 60 meter over elva, og sjølve brua er om lag åtte meter høg, alt bygd i stein. – Dette er eit viktig vegkulturminne å ta vare på og ikkje minst vise fram. Statens vegvesen har fokus på opplevingspunkt langs vegane våre, der dei vegfarande kan kombinere ein beinstrekk med ei god oppleving. Difor satsar vegvesenet no mellom ti og 12 millionar kroner på prosjektet ved Jøl bru, fortel Werner Harstad, strekningsansvarleg blant anna for Gamle Strynefjellsvegen blant dei nasjonale turistvegane.

Regjeringa har i forslaget til statsbudsjett lagt opp til anleggsstart for utkikspunktet ved Jøl bru neste år, noko som vert stadfesta av Harstad.– Ettersom vi snakkar om ein ny brukonstruksjon, må prosjektet gjennom ein intern kvalitetskontroll før vi sender det ut på anbod rett over nyttår. Avhengig av både ver og andre forhold, seier vi at prosjektet er venta ferdig i 2017/18.Kontruksjonen som skal byggast består i ein halvsirkelforma stålbru som møter gamle Jøl bru slik at dei to til saman vert ein sirkel.

– Meir innsikt enn utsikt

– Frå den nye brua vert det i dette tilfelle meir innsikt enn utsikt, ettersom vi gir publikum ei ny bru der dei kan sjå ned mot gamlebrua og jelet. Sirkelen vil forsterke suget nedover i elva, og vil forhåpentleg få fleire til å stoppe for å sjå og oppleve, seier Harstad.

I tillegg til å byggje den halvsirkelforma stålbrua omfattar prosjektet også noko utviding og opprusting av parkeringsplassen.– Det er ikkje mykje plass her, men det vert noko utvida parkering slik at det og skal vere plass for buss. Vi vil byggje rabatt mellom plassen og vegen, opplyser Harstad.Informasjon om den gamle brua høyrer naturleg med i prosjektet.– Dette er god veghistorie. Den gamle driftevegen går rett ved, så Jøl bru var i si tid eit knutepunkt på strekninga, seier Harstad.

Slik ser den nye brua ut frå undersida.