Anretningskjøkken og nytt liv til gamle maskiner, står øverst på planleggingslista til Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

– Vi lever frå hand til munn, men skal vi få inntekter må vi skape meir aktivitet, seier styreleiar Per Ove Reme. Han vonar bygda ser verdien av at den gamle ullvarefabrikken vert halden vedlike, og også teken i bruk.

Reme har teke over som styreleiar etter Anne Karin Eriksen, som har gjort ein kjempejobb for stiftinga. Under samkoma søndag der stadnamn i Vikane var hovudprogrampost, var det blomar og gåve både til henne og medhjelparane. Anders Verlo og Peder Torheim har vore nevenyttige handverkarar. Den fjerde som fekk takk for innsatsen var Unni Elin Guddal.

– Anders har vore både vaktmeister og bygningsmann, fortalde Reme, og la til at det var vanskeleg for utanforståande å setje seg inn i kva frivilleg innsats som var lagt ned.

«Plysen» vart møterom

Ingen veit kva namnet «Plysen» kjem av, men frå gamalt var det eit rom for gjennvinning av gamle ullkle.

I dag er det møterom og også rom for mindre kunstutstillingar. Anne Karin er sjølv aktiv kunstnar, og brukar deler av rommet som arbeidsrom.Golvet er eit døme på gjenbruk. Det er nemleg deler av det gamle golvet i Strynehallen som er komen i bruk igjen, og det var også laminat nok til å lage danseplass i hovudsalen. Der er det plass til fleire hundre om dei dekker med langbord.

Kjøkken og museum

– Det er anretningskjøkkene som hastar mest slik at vi blir sjølvhjelpte, fortel Reme som har med seg Tone Barnung, Petter Kjell Nesdal, Henriette Ansok Hatling, Kåre Hauge, Per Heggdal og Asbjørn Heggdal i det nye styret.

For å få plass til kjøkken er dei ferd med å plukke ned den gamle ruemaskina.

– Denne skal vi nok få liv i, seier Jon Hole. Han kom til ullvarefabrikken tidleg på sekstitalet. Han har vel 40 år bak seg i den gamle fabrikken og også den nye, moderne som vaks fram på andre sida av elva.Få kjenner maskinparken betre. Sjølv om mange maskiner er borte trur han at det er fleire som er mogeleg å få liv i, slik at ein skape eit lite industrimusum i eit bygg med ei ærerik historie.

Viktig i ei reiselivskommune

– Når vi får alt i stand kan dette bli ein stad for omvising, og kanskje også litt undervisning. Det er ikkje berre maskinene frå fabrikken vi har lagra. Her er også doktorkontor med det aller første røntgenapparatet i Nordfjord, og vi har maskinene frå Felde skofabrikk i Utvik. Vikane har ei spennande industrihistorie, meiner den entusiastiske flokken som skal drive stiftinga vidare. Planen no er å setje opp faste dugnadsdagar, og så vonar dei at bygdefolket kjem for å gje ei hjelpande hand.

Stadnamn i Vikane

Hovudprogramposten søndag var ei innføring i stadnamn i Vikane ved Kristian Solvang og Rune Vanberg. Eit sekstitals frammøtte var tydeleg interesserte, men avslørte samstundes at dei hadde ikkje dei store kunnskapane om ukjende stadnamn i eiga bygd. Dei fekk likevel mykje ut av dagen.

Vona er at kunnskapane vil betre seg om dei fylgjer innstruksjonen frå Kristian Solvang om korleis dei kan leite seg fram gjennom Fylkesarkivet. På åttitalet vart det gjennomført ei stadnamngransking i heile kommunen, og det er stoff som interesserte kan få tilgang til ved å bruke data.

Stadnamn: Kristian Solvang til v.og Rune Vanberg hadde innslaga med stadnamn. I bakgrunnen Petter Kjell Nesdal og Per Ove Reme.