Stryn sitt herrelag i handball bør ha gode sjansar til siger på laurdag.

Det er bergenslaget BSI som kjem til Strynehallen, i det som er Stryn sin sjette kamp så langt i sesongen. Motstandar BSI har på si side berre spelt to kampar. Det har resultert i to tap mot Sotra og Viking 2, begge på heimebane.

Variabel start

Etter ein ujamn start med varierande spel står heimelaget med to sigrar og tre tap så langt. Sist helg vart det storsiger 34–23 mot Sotra, i ein kamp Stryn sløste med sjansane. Stryn sin mestscorande spelar til no, Leon Pavlovic, har god tru på at laget kan følge opp topoengaren mot Sotra.

– Det er eit lag vi bør slå, og vi har som mål å klare det, seier Pavlovic som har bakgrunn frå kroatisk handball på toppnivå.

Mykje å gå på

Sjølv om Stryn vann sist kamp så har laget framleis mykje å gå på. Samspelet mellom nye Leon Pavlovic og laget utviklar seg stadig, og ein såg sist mykje flott spel. I periodar har det likevel blitt mykje stang ut og misbruk av opplagde sjansar.

Etter kampen mot BSI har Stryn tre veker spelefri før dei skal til Bergen og Sotra.