Svanhild Valvik har vore leiar for laget sidan oppstarten, og under 10-årsjubileet nyleg kom det tydeleg fram at både lokallaget og Dysleksi Norge set stor pris på det arbeidet som er lagt ned.

– Kvar kjem dette store engasjementet frå? – Eg synest det er eit meiningsfullt og interessant arbeid. Det var eigentleg Solveig Molland Berge frå PPT som inviterte alle foreldre til eit møte med tanke på å starte eit lokallag. Eg var ein av dei som møtte fram, og så var eg plutseleg blitt leiar! Svanhild har tre barn med dysleksi, og fekk sjølv diagnostisert dysleksi i vaksen alder. – Den første gongen eg var på eit møte om dysleksi fall mykje på plass. Eg har alltid visst at det var «noko», men då eg gjekk på skulen var det ingen som visste eller kunne nokon om kva dette var, seier ho.

Kjelde til kunnskap

Dysleksilaget vart ei kjelde til kunnskap.

–Eg har lært veldig mykje etter at eg vart med i lokallaget, seier Svanhild. Dysleksi Nordfjord held kurs for barn, foreldre og lærarar, spreier kunnskap om dysleksi og ikkje minst om hjelpemiddel som finst til bruk i det daglege. Ulike dataprogram og andre innretningar som kan gjere kvardagen enklare for både barn og vaksne med dysleksi.

Meistring og sosialt nettverk

Dessutan vert det sett fokus på tilleggsvanskar og meistring.

Mellom anna blir det arrangert meistringskurs for medlemmar i heile fylket, ei kurshelg laget har fått gode tilbakemeldingar på. Her vert det lagt stor vekt på meistring av eigen kvardag og sosial nettverksbygging.Dysleksi Nordfjord er også ein sosial møteplass i seg sjølv. – Vi har til dømes bading og lunsj på Alexandra ein gong i året, og har hatt god oppslutning, mellom 50 og 100 deltakarar kvart år. Dei måpar inne i Oslo når vi fortel om oppslutninga, seier Svanhild Valvik. Også gokart- og pizzatur til Førde har vore populært. 10-årsjubileet til laget vart feira med skikkeleg «jebuskalas» i Stryn nyleg. Her vart laget sitt arbeid heidra av Knut Rinden, leiar for styret i Dysleksi Norge.

Tidleg

Svanhild Valvik er klar for eit nytt år med arbeid for dysleksisaka. Ei av hennar hjartesaker er at problema skal verte oppdaga tidleg.

– Det er veldig viktig at det blir oppdaga så tidleg som mogeleg. At foreldre som har mistanke om at barnet deira har dysleksi kontaktar skule eller PPT om det. Dess tidlegare ein får hjelp dess betre er det. Eg synest det er tragisk når eg høyrer om unge som er komne på vidaregåande skule før dysleksien deira blir oppdaga, seier Svanhild Valvik.

Albert Einstein

Samstundes er ho glad for at ting har gått framover, og at det har blitt større forståing for og openheit omkring dysleksi i samfunnet.

– Dersom du hadde vanskar med lesing og skriving i gamle dagar vart du stempla som «dum». Det stemmer i alle fall ikkje, det viser lista over kjende personar som har dysleksi. Ingen ville vel kalle Albert Einstein «dum»?

Dysleksi

Dysleksi er lese- og skrivevanskar som ikkje er betinga av at andre evner er svekka. Hos dyslektikarar er det eit klart misforhold mellom det generelle evnenivået og lese- og skriveferdigheiter. Det er rimeleg å anta at 3–5 % av elevane i obligatorisk skulealder har dysleksi. Kjelde: SNL (Store norske leksikon) Dysleksi kan kjenneteiknast ved fleire ting.• Problem med lydane i språket (fonologiske vanskar):- blanding av bokstavlydar som t.d. b/d og b/p – problem med å rime– problem med å høyre kva bokstav eit ord byrjar og sluttar på– problem med hurtig nemning av bokstavar og ord• Problem med ordavkodingVanskar med raskt, sikkert og automatisk å identifisere skrivne ord i ein tekst. Ordavkodinga kan krevje så mykje ressursar at det går ut over forståinga av teksten (vil ofte ikkje ha problem med å forstå teksten om ein får han lesen opp)• Språkleg redusert arbeidsminne:Det normale er å hugse sju +/- to einingar av tala eller bokstavane som ert lesne for deg. Dyslektikarar hugsar ofte fem +/- to. • Spesifikke lærevanskar relatert til matematikk kallast dyskalkuli. Kjelde: Dysleksi Norge

Dyslektikarar i samfunnet

Ei rekkje kjende personar har vore opne om sin dysleksi (eller sine lese- og skrivevanskar).

Mellom desse er: Kong Olav V, Albert Einstein, Charles Darwin, Winston Churchill, John Lennon, Erna Solberg, Kjell Inge Røkke, Jens Petter Ekornes, prinsessene Victoria og Madeleine av Sverige, Tom Cruise, Jennifer Aniston, Keira Knightley, Samuel Massie, Erling Kagge, Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide, Bill Gates og Steve Jobs.

Dysleksi Nordfjord er 10 år i år og feira jubileet i Stryn. Foto: Elisabet Myrvang
Styreleiar Knut Rinden frå Dysleksi Norge rosa lokallaget for godt arbeid då han gjesta jubileumsfesten. Foto: Elisabet Myrvang
Astrid Gausemel frå styret gav både blomar og godord til leiar Svanhild Valvik under 10-årsjubileet. Foto: Elisabet Myrvang