Livet smiler for 28-åringen frå Loen om dagen. For ikkje lenge sidan kom sonen Mathias til verda, og Mats har etter kvart spelt seg til fast plass på laget etter fleire månader ute med skade. Måndag var han med på å slå byrivalen Djurgården 4–2 framfor 30.000 tilskodarar på heimebane i ein kamp der Mats og co. låg under 0–2.

Av dei største

– Hammarby er ein av dei største klubbane i Sverige. Resultatmessig har klubben vore litt bakpå nokre år, men den er på veg til å bygge seg opp att. Supportermessig trur eg ganske sikkert at Hammarby er størst i Norden, så føresetnadane er der for å lukkast, fortel Solheim. Heimekampar med over 25.000 tilskodarar og stor stemning er ikkje uvanleg for Mats og lagkameratane. Med fire kampar att av sesongen er Hammarby å finne midt på tabellen, men laget har etter ein god periode i haust mogelegheiter til å kome blant topp fem.

Skademareritt

Det er først i siste halvdel av sesongen at loaren har fått spele over ein lengre periode.

–Grunnen til at eg ikkje har spelt tidlegare i sesongen er at eg hadde ein alvorleg kneskade som eg fekk i ein cupkamp mot Syrianska i februar. Eg sat på sidelinja i fem månader og visste vel eigentleg ikkje om eg ville kome tilbake på fotballbana igjen. Eg var gjennom ein lang rehabiliteringsperiode og heldigvis var den så vellukka at eg kunne vere med no i siste del av sesongen, fortel Mats som stort sett har spelt venstre back i år.

Scoring dedikert til sonen

Høgdepunktet så langt på bana i år var då han fekk mogelegheita til å spele fotball igjen etter skaden. Like eins målet han scora mot Hâcken.

– Den scoringa dedikerte eg til sonen vår Mathias som vart fødd nokre dagar før.

Trivst i Sverige

Mats har allereie nokre år bak seg i nabolandet i aust, og lite tyder på at han har tenkt å flytte på seg med det første.

– Det har blitt nokre år i Sverige, ja. Det er veldig stor interesse rundt fotballen her, og stemninga og atmosfæren rundt kampane er veldig bra og artig. Samtidig trivst både eg og sambuaren min, Ina, godt her, så vi har ikkje flytteplanar akkurat no, fortel Mats. – Likevel kan ein aldri vere sikker i fotball, seier han.– Kanskje det blir ny kontrakt her, eit nytt eventyr i eit anna land eller heim til Norge. Det er mange faktorar som spelar inn i fotballen, så det er vanskeleg å planlegge noko eksakt. Men vi satsar vel på å kome heim til Vestlandet på eit eller anna tidspunkt.

Kvardagen som proff

–Kan du fortelje litt om korleis ein dag som proff i Hammarby ser ut?

– I sesongen reiser eg til treningsanlegget klokka åtte om morgonen. Der har vi felles frukost, og vi førebur oss til treningsøkta. Det er som regel eit møte klokka ti der vi går gjennom treningsøkta, har analyse av komande motstandar eller pratar om vårt eige spel. Deretter trenar vi i 1,5-2 timar før dei som treng behandling av fysio får det. Tøying, isbad og eventuell ekstratrening står så for tur før felles lunsj.I oppkøyringa til ny sesong trenar vi to gonger om dagen. Dei aller fleste treningar er med ball, men det er også innslag av ein del tung styrke, frekvenstrening og uthaldstrening fortel Mats Solheim.

Populær blant fansen

Han har blitt ein populær spelar i klubben, og han er kjent for sin «fighterattityd» og oppofrande spelestil.

Mats Solheim har blitt ein populær spelar blant fansen i Hammarby. Foto: Therese Back