Jon-Fredrik «Joffen» Hopland frå Stryn skal snart ut på storturné. No ventar USA og Australia.

– No er det headline USA-tour og Australia-tour med Lemaitre, ja, stadfestar Joffen frå USA. Han reiste til Los Angeles som musikkstudent og tok eksamen ved Musician Institute i Hollywood i 2013. Det norske bandet Lemaitre har brukt Joffen som sin trommis i USA, og denne veka starta dei sin store USA-turné denne hausten. Etterpå ventar Australia.

Truleg kjem Joffen til heimlege trakter også: – Rafferty, eit anna band eg spelar i, skal truleg signere med norsk bookingagent som skal booke oss i Skandinavia, seier Joffen til Fjordingen.

Her kan du sjå eit lite videoglimt frå konserten i med Lemaitre i Los Angeles på "Joffen" sin Instagramkonto.

Elektronikaduoen Lemaitre er oppkalt etter prest og fysikar Georges Lemaître som lanserte teorien om The Big Bang. Dei har i periodar vore busette i Los Angeles, og her knytta dei til seg "Joffen" som sin faste trommis "over there". Såleis spelte han med dei mellom anna i på ein av verdas største musikkfestival, Coachella, i vår.

Lemaitre har over éin million følgjarar på SoundCloud, og duoen sin EP fra 2012, «Relativity 2», gjekk heilt til til topps på iTunes Electronic Chart i USA og Canada. Musikken deira har også mellom anna blitt brukt av Apple i samband med lanseringa av ein iPhone (5).