Streiken i El- og IT forbundet er trappa opp og KS-bedriftene med 380 000 straumkundar i Norge kan bli ramma.

13 tilsette ved Stryn Energi AS gjekk ut i streik måndag med krav om å behalde dei kviledagane dei har hatt i avspaseringsordninga i ei årrekkje.

Streik og stopp i arbeidet har ført til at Stryn Energi AS allereie har fått varsel om at dei kan få eit millionbeløp i erstatningskrav dersom tenestene deira uteblir.

Straum til gondolbana kan bli utsett

Etter planen skal Stryn Energi AS kople straum på gondolbana i Loen i veke 45.

– Det kan bli ein fortvilt situasjon dersom streiken blir langvarig. Vi har allereie søkt forbundet om dispensasjon ved to høve som har blitt avvist. Det eine gjeld påkopling av straum på gondolbana. Vi har mottatt varsel om at vi vil kunne få erstatningskrav på 1,6 millionar kroner frå Hoven Loen AS dersom straum ikkje blir kopla på som avtalt, forklarar dagleg leiar ved Stryn Energi AS, Jan Træen.

Håpar på kortvarig streik - Det kan bli ein fortvilt situasjon dersom streiken blir langvarig, seier dagleg leiar ved Stryn Energi AS, Jan Træen. Foto: Roger Oldeide

Han meinar at Stryn Energi AS, med 4600 straumkundar, uansett ikkje kan stå som ansvarleg part i slike krav.

– Dette er utanfor vår kontroll. Det er El- og IT forbundet som må behandle slike krav, seier Træen. Prosjektleiar ved Hoven Loen AS, Ragnar Hagen, bekreftar at dei har varsla om eit mogleg erstatningkrav.

– Alle partar ønska å unngå dette, men det er mi plikt som prosjektleiar å reagere på dette, seier Hagen i ein kommentar.

Endring i arbeidsmiljølova.

Kjerna i konflikta er altså talet på kviledagar. I arbeidsmiljølova er avspaseringsordninga for beredskapsvakter i energisektoren nedjustert frå tre til to kviledagar. Totalt utgjer dette ti arbeidsdagar i året.

Har satt krav: (f.v.) Sondre Nesje, Oddvin Nissestad og hovudtillitsvalt David Alden representerar dei 13 ved Stryn Energi AS som er ute i streik. Bedrifta har 25 årsverk. To personar i bedrifta er ikke organisert.

– Våre medlem vokta straumnettet kvar dag, døgnet rundt, heile året. Kravet vårt er å behalde tre kviledagar etter sju arbeidsdagar, seier David Alden som er lokal tillitsvald i El- og IT forbundet.

På spørsmål om han trur streiken blir langvarig, seier Alden at den vil vare til det skjer endringar sentralt.

– Vi ønska at dette blir tarif-festa. Det er totalt urimeleg å ta denne kvilen frå vaktene, seier han.

Dispensasjon når liv og helse står på spel

- Kva skjer om straumen går?

- Folk må kontakte oss på vanleg måte. Det blir gitt dispensasjon dersom det står om liv, dette gjeld også dyr, seier Træen.

Han påpeikar at Stryn Energi AS har utarbeidd eigen beredskapsplan for handtering av streikesituasjonar, og selskapet er budd på å kunne handtere ein streik i selskapet.

Træen legg til at dialogen er god, både i bedrifta og med KS Bedrift.

- Det er ikkje stemning for tvungen lønnsnemd, seier Træen.

Tussa Energi, Tussa Kraft og Mørenett er medlem i NHO-foreninga Energi Norge og er dermed ikkje råka av streiken.

<strong>Har satt krav:</strong> (f.v.) Sondre Nesje, Oddvin Nissestad og hovudtillitsvalt David Alden representerar dei 13 ved Stryn Energi AS som er ute i streik. Bedrifta har 25 årsverk. To personar i bedrifta er ikke organisert.