John Eckhoff, som er pressesjef for kommunikasjon i Posten Norge, seier at terminalen i Stryn vil bestå.

– Det ligg ikkje inne konkrete planar per i dag om å gjere noko med terminalen i Stryn, sidan den ikkje er ein såkalla storterminal, seier Eckhoff til Fjordingen.

Bring Frigo Stryn har i dag fjorten tilsette. Av desse jobbar tolv på kontor og to på terminal, opplyser Martin Hopland i verksemda.

Terminalen i Stryn handterer stykkgods, kjøle- og frysevarer for dagleg distribusjon i Nordfjord. I tillegg er der ei stor meglaravdeling for handtering av fiskekundar i Norge, for transport i inn- og utland.