Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2017–2020 har vore ute til offentleg ettersyn, og Ungdomsrådet har sett opp ei liste med tiltak som dei meiner bør kome høgare opp på prioriteringslista.

Arena Stryn og Vinterski

Leiar i Ungdomsrådet, Miriam Flo, seier at det er eit stort engasjement rundt Arena Stryn.

– Til dømes må turngruppa i Stryn snart få skikkelege treningslokale, det er trangt om plassen i gymsalen i Bø slik det er i dag.Stryn Vinterski er ein annan sak som engasjerer Ungdomsrådet.

– Stryn Vinterski meiner vi må høgare på lista fordi vi må ta vare på det tilbodet vi har. Det hadde vore synd om vi ikkje hadde hatt eit skisenter, seier Flo. Eit skikkeleg snøproduksjonsanlegg meiner Ungdomsrådet er nødvendig.

Strynehallen

– Strynehallen må også kome høgare på prioriteringslista. Først og fremst trengst det nytt golv, men også lys, garderobar, lager og styrkerom treng ei oppgradering. I tillegg burde det vore eit sosialt rom der, seier Flo.

Utandørs symjebasseng

I sin uttale skriv Ungdomsrådet at utandørs symjebasseng i sentrum bør prioriterast høgare på lista. Bassenget står pr. i dag på ei uprioritert liste.

– Eit utandørs symjebasseng hadde vore eit godt tilbod til lokalbefolkninga og turistar som vil finne på noko sentrumsnært. Slike tilbod finst det få av, og dette kunne blitt ein fin møtestad for både barn, ungdom og vaksne i sentrum med butikkar, kulturhus og klatrepark. Det hadde og blitt eit trekkplaster for å få endå fleire til å besøke Stryn sentrum skriv Ungdomsrådet.

Lista

Ungdomsrådet meiner at følgjande tiltak bør prioriterast høgare på lista:

Fotballhall og garderobar (Arena Stryn), Turn/garderobesett (Arena Stryn), Strynehallen, klubbhus/møterom (Arena Stryn), varmestove i Steindalen, klubbhus-påbygg og snøproduksjonsanlegg (Stryn Vinterski), snøproduksjonsanlegg (Ullsheim), ballbinge (Sagehaugen, Fjelli) og oppgradering av hoppbakke K-90 (Bjørkelibakken).