2016 gir rekord i tal selde bussar for Vest. Konkursen kom før alle bestilte bussar er leverte. Bussane står både i Stryn og ved dei andre avdelingane i Vest-systemet.

– Av dei 32 bussane skal 31 leverast til Møre og Romsdal. Dei skal vere klare til å gå inn i anbod. Difor er det i alles interesse å få til ei løysing. Vi hadde møte både med Iveco og bustyrar onsdag, der dette var eitt av fleire tema, seier styreleiar Per Dag Nedreberg.

– I alle si interesse

Bustyrar, advokat Per Kjetil Stautland, seier til Fjordingen at det er fleire alternative måtar å gjennomføre ferdigstilling og levering på.

– Selskapa som har bestilt bussane vil lide økonomisk dersom bussane ikkje vert leverte til dei skal inn i anbod. Levering av bussane har dessutan mykje å bety for Iveco som kreditor og for konkursbuet. Med andre ord er det i alle si interesse å få til ei rask løysing på dette, seier Stautland.Han karakteriserer konkursen som stor og omfattande. Ikkje nødvendigvis i tal tilsette, men fordi Vest-gruppen er spreidd på fleire avdelingar i landet.– Kva med dei tilsette?– Dei har fått informasjon undervegs, i tillegg legg eg opp til eit infomøte med dei neste veke. Alle vil bli formelt sagt opp av konkursbuet. Lønsgarantifondet sikrar dei ubetalt opparbeidd løn fram til konkursen samt ein månadsløn. I tillegg er feriepengane deira sikra, opplyser Stautland.

Vidare drift?

På spørsmål til Per Dag Nedreberg om det er aktuelt å starte noko nytt i kjølvatnet av konkursen, seier han at ulike løysingar er til vurdering.

– Men det er for tidleg å seie noko. Her er vi avhengige av ei rekkje faktorar, seier Nedreberg.Bustyrar Per Kjetil Stautland seier at hans fokus er å ivareta kreditorane.– Ved konkursar er vidare drift alltid eit siktemål, men no er fokus først og fremst å løyse dei utfordringane som følgjer med konkursen.– Stemmer det at Iveco er største kreditor?– Ja, det er Iveco som har pant i buet. Her er lite eller ingen gjeld til bankar, seier Stautland.