For fire veker sidan vart konkursbuet etter Vest Buss-gruppen  levert skifteretten. I dag startar 12 tilsette opp i det nyetablerte Vest Service AS. Kort tid etter at konkursen i Vest Buss var eit faktum, starta sonderingane rundt mulig oppstart av ny verksemd.

– Tidlegare var vi etablert med avdelingar fleire stader i landet. No satsar vi berre i Stryn, og med rein karosseri- og lakkverkstad, fortel Trygve Øren og Odd Gunnar Tunold. Dei vil ha delt leiarskap i den nye bedrifta og er aksjonærar saman med Per Dag Nedreberg. Sistnemnde er styreleiar for selskapet.

Godkjenningar på plass

– For ei veke sidan fekk vi godkjenning frå Brønnøysundregisteret og fredag kom Statens vegvesen si godkjenning for å drive karosseriverkstad. I dag tysdag er staben i full gang med å klargjere dei 23 bussane som står att etter konkursen i Vest.

– Vi startar opp med 12 tilsette for å få unna ferdigstilling av bussane som Boreal har bestilt. Når den jobben er ferdig, er tanken å halde fram med ni tilsette, seier Øren. I tillegg til å vere verkstad, vil Vest Service og tilby sal av delar til Vest- og Indcar-bussar.– Vi vonar og at vi kan samarbeide med andre verkstad lokalt, seier Øren.

Vert verkstadleiar

Også fleire av dei tilsette ønskte oppstart etter konkursen. Ein av dei er Ole Morten Vik som var tillitsvald i Vest Buss. No vert han verkstadleiar i det nye selskapet.

– Det er kjempebra at vi får til noko i kjølvatnet av konkursen. Dette har vore ein arbeidsplass eg har sett stor pris på. Det er sjølvsagt eit skår i gleda at det ikkje er plass til alle dei tidlegare tilsette. Men med rein satsing på karosseri og lakk går ikkje det, seier Vik.Han er glad for å vere i gang att, og seier det vert spennande framover, ikkje minst når arbeidet med å klargjere dei 23 bussanetil Boreal er avslutta.– Då må vi ut på den opne marknaden etter kundar, seier Vik.Trygve Øren seier det ikkje finst mange slike verkstader som Vest Service i landet.– Nettopp det gir grunn til optimisme, og gjer at vi ser heile landet som kundeområde, seier Øren.

25. oktober vart Vest Buss gruppen slått konkurs67 tilsette i Norge og Sverige mista jobben, 25 av dei i Stryn22. november er 12 tilsette i gang i det nyetablerte Vest Service AS, som skal vere ei rein karosseri- og lakkverkstad