Stryneordføraren fekk gjennom sitt framlegg om å busetje 25 flyktningar i 2017, mot 30 som tilrådd frå rådmann. Denne saka vart ein godt diskutert sak under kommunestyret.

Stryn kommune er oppmoda av Imdi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) om å busetje 30 flyktningar i 2017. Imdi har, i samråd med KS, utarbeidd oppmodingstal til kvar einskild kommune i landet og Stryn er oppmoda om å fatte vedtak om busetjing av 30 flyktningar.

– Det ligg til rette for å ta imot 30 flyktningar i Stryn, og det synest eg vi skal ta imot. Vi treng innbyggjarar i Stryn og dei som kjem, kjem av ein grunn, sa Kari Synnøve Muri (KrF) som fremja forslag om 30, slik rådmannen opphavleg hadde tilrådd.

Torstein Tvinnereim (V) støtta KrF i saka.

Nedstemt Torstein Tvinnereim (V) støtta KrF sitt forslag om å ta imot 30 flyktningar. Foto: Roger Oldeide

– Dei fem vi ikkje tek imot, må ei anna kommune ta imot. Eg er ikkje sikker på om andre kommunar har noko betre apparat for å handtere dette enn vi har, sa Tvinnereim.

FrP støtta Høgreordføraren sitt framlegg om 25.

Vil ha 25 Anders Magne Vik la til ein må støtte frivilligsentralen i arbeidet med integrering. Han stemde for å ta imot 25 flyktningar. Foto: Roger Oldeide

- Eg støttar opp om å ta imot 25 flykningar. Det som gjer oss gode på integrering er mellom anna arbeidet som blir gjort i frivilligsentralen. Det er viktig at vi støttar opp om den i dette arbeidet, sa Anders Magne Vik (FrP)

– Vi er knallgode på integrering i Stryn, sa ein tydeleg engasjert ordførar Sven Flo. Han forsvarte sitt forslag mellom anna med at eit lågare tal er nettopp det som gjer Stryn god på integrering.

Gjennomslag Sven Flo (H) fekk fleirtal for sitt framlegg om å ta i mot 25 flyktningar i Stryn i 2017. Foto: Roger Oldeide

– Vi har eit system som ivaretek dei vi tek imot. Har vi for mange, klarer vi ikkje ta vare på dei. Det må også takast høgde for familiegjenforeining. Det må leggast til grunn i vurderinga, argumenterte ordførar Sven Flo som altså fekk fleirtal.

Følgjande vedtak vart gjort:

– Stryn kommune seier ja til busetjing av 25 flyktningar i 2017. I tillegg kjem ev. familiegjenforente. Ettersom busetjing av einsleg mindreårige vart avlyst av Imdi i 2016, har ikkje kommunen bygd opp tiltaksapparat for slik busetjing og ser det som uaktuelt å binde seg til busetjing av to einslege mindreårige i 2017.