I tillegg deltok representant frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelinga, og representant frå den interkommunale folkehelseavdelinga.

Svarstad–Faleide vel orienterte om luktproblema, som til tider skal vere så store at det ikkje er behageleg å opphalde seg utandørs for dei som er hardast råka. I tillegg vart det peika på at luktproblema blokkerer for utvikling i området.

Tenden Miljø påpeika at det vert jobba med tiltak for å redusere luktproblema frå deira aktivitet. Nomil arbeider med tiltak for å forbetre mottak og drift på miljøstasjonen.For å kunne gjere tiltak som kan bidra til å redusere luktproblema, skal det etablerast eit system for gjensidig rapportering av luktproblem.Svarstad-Faleide vel skal rapportere om luktproblem umiddelbart når det blir registrert.

Like eins skal Tenden Miljø gje melding når det er aktivitet på området som genererer lukt.