Stryn formannskap var ikkje i tvil om å slutte seg til Statens vegvesen si tilråding om traseval om ny parsell for riksveg 15 på Strynefjellet med arm til Geiranger.

I rådmannen si tilråding blir det poengtert at ein må unngå oppgradering av dagens tunnelar etter krava i tunnelsikkerheitsforskrifta innan 2019. Difor krev kommunen at arbeidet med reguleringsplan for tilrådd løysing blir starta opp så raskt som råd.

– Dagens tunnelar er marginale i høve til krava som vil kome til tryggleik i tunnelar på riksvegnettet. I verste fall kan dette føre til stenging, noko som vil vere katastrofalt for innbyggarar og næringsliv på Nordvestlandet, heiter det frå vurderinga.

2300 bilar køyrer Strynefjellet kvart døgn sommarstid. Tungtrafikken utgjer om lag 25 % – også på årsbasis.