Leasingavtalen for seks tenestebilar i heimebaserte tenester går ut i desember og det er trong for nye bilar. Stryn har den siste perioden hatt varebilar av type Caddy frå VW med grøne skilt og firehjultrekk.

Rådmannen tilrådde godkjenning av ny leasingavtale med seks tilsvarande bilar over tre år til ein samla kostnad på netto kr. 208 608 pr år. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke, men Torstein Tvinnereim (V) kom likevel ei oppmoding.

- Seks miljøvenlege bilar reddar ikkje verda, men vi som kommune har ansvar for å vise retning i våre val, sa Tvinnereim som vedkjenner at det framleis ikkje er el- og hybridbilar som er tilpassa Stryn kommune sine behov idag.

– Men ved neste avtale, om tre år, vil eg tru teknologien er kome så langt at vi kan velje el- eller hybridbilar og ha tilstrekkeleg med ladestasjonar, sa han.