Det opne møtet om framtida til Grobygget måndag kveld viste ei unison haldning til å ta vare på Grobygget og skape aktivitet i bygget igjen. Kommunestyret har gjort vedtak om riving av bygget, til ein kostnad på ein million kroner, rett og slett fordi ein ikkje ville bruke meir pengar på straum, vatn og avløp i bygget.

No har fleire lag og organisasjonar med Hornindal Frivlligsentral som koordinator teke initiativet til å drøfte framtida for bygget, med det mål å skape aktivitet igjen.

Ola Bergset Ulvedal i frivilligsentralen kunne blant anna fortelje om ungdomar som ønskjer å vere med å skape ein fritidsklubb. Dei vil gjerne vere med på oppussing og dermed skape noko dei sjølv får eigarskap til.

– Vi ønskjer ein plass der vi kan vere i lag, hygge oss og vere sosiale, sa Nataniel Heggen på vegne av dei sju ungdomane som stilte i møtet måndag. Mange av dei største lag og organisasjonar i bygda var til stades i møtet og signaliserte alle stor interesse for å bidra til at Grobygget kan setjast i stand og fungere både som lager og lokale til ulike arrangement i samband med Groparken. Det er og eit poeng å ta vare på bygget som er det første industribygget i Hornindal.

Hornindal Næringslag er klare på at Groparken og dermed også Grobygget er viktig arena for sommarfestane i bygda også i åra som kjem. Etter å ha lytta til alle positive innspela om å bevare og skape aktivitet i Grobygget, sa ordførar Stig Olav Lødemel at han personleg heller vil bruke ein million kommunale kroner til opprusting av bygget i staden for å bruke pengane på riving.

Han sa og at han trur kommunestyret vil vere med på dette, men utan at kommunen skal vere ansvarleg for driftskostnadene vidare.Møtet konkluderte med å setje ned ei nemnd som blant anna skal finne ut meir om behov og prisar for reparasjon og opprusting av Grobygget.

Desse går inn i nemnda: Ola Bergset Ulvedal, Severin Otterdal Heggen, Brynhild Lund Notøy, Anne Raftevold og Tom Øyvind Solheim.

Frå venstre: Ola Bergset Ulvedal (Hornindal Frivilligsentral), Tom Øyvind Solheim (Hornindal Rundt), Bjørn Lødemel (Hornindal Næringslag) og Unni Kiviranta (Røde Kors).