Johannes Thingnes Bø deltek denne veka i verdscupen i skiskyting i Østersund. Etter å ha gått det norske mix-laget inn til gull på søndag, og med andreplass på 20 kilometeren torsdag,  er det klart for nye distansar før Thingnes Bø og dei andre skiskyttarane.

- Eg er der eg skal vere og det har vore ein kanonstart på sesongen for min del seier Thingnes Bø til Fjordingen.

Laurdag skal Thingnes Bø gå 10 km sprint, medan det søndag er klart for 12,5 km jaktstart.Tarjei Bø er som kjent ikkje med i Østersund, men det er venta at Bø er konkurranseklar om kort tid.