Det svingar av stryneherrane for tida, og laget møter ny tøff motstand til helga. Denne gong er det Bergenslaget Viking 2 som gjestar Strynehallen. Laget ligg på fjerdeplass på tabellen, to poeng bak Stryn, men med tre kampar mindre spelt. Siger til Stryn vil difor vere særs viktig for å vere med i kampen om topplasseringa i divisjonen.

Tapte i Bergen

Laga har allereie møttest i serien før i haust. For tre veker sidan drog bergensarane i land ein 24–21 siger over Stryn. Revansjelysta burde difor vere stor for eit Stryn som med siger vil halde følgje med NHHI i toppen. Med spel som mot NHHI sist bør Runar Walaker og lagkameratane ha gode sjansar til å få med seg to poeng frå oppgjeret.

Fullt lag?

Stryn stiller truleg med sitt sterkaste lag mot Viking 2, men det er noko usikkerheit rundt Gunnar Sigurdsson som har vore småsjuk siste veka.

Eit godt forsvar blir viktig mot Viking 2, samtidig som ein framover tek vare på sjansane.

Comeback for Ticha?

Det kan gå mot eit aldri så lite comeback for Ticha Correia nårStryn sitt damelag møter Fana 2 på laurdag.

Stryn slit i botnen av tabellen med to poeng så langt. Likevel var det framgang å spore då laget spelte borte mot Skrim Kongsberg og Vikersund for eit par veker sidan. Til helga står Fana 2 for tur i Strynehallen, og det unge strynelaget får ein ny mulegheit til å sanke kjærkomne poeng.

Ankelskade

Spelande trenar Ticha Correia, som har vore ute av spel i seks veker grunna ein ankeloperasjon, kan vere tilbake i den raude drakta til helga. Den spelande trenaren var med i ein internkamp på treninga tysdag for å teste forma, og spelte heile den kampen.

– Eg veit ikkje heilt korleis det vil gå i helga, eg er ikkje hundre prosent enno seier Correia. Det vil uansett berre dreie seg om ein kamp eller to i første omgang. Nytt, planlagt inngrep i ankelen blir det før jul for Correia.

Pause for Guddal

Eit skår i gleda er det at venstreback Ingrid Guddal (17) må ta seg ein lengre pause frå handballen for å bli heilt frisk etter sjukdom.