Hornindal formannskap tilrår budsjettet vedteke med dei endringane som ligg føre frå hovudutvala si handsaming av saka.

Det vil seie at investeringar til ny, kommunal traktor og strandpromenaden på Grodås er tekne ut av budsjettet for 2017 og flytta til 2018, etter tilråding frå Utviklingsutvalet.

21 millionar

I det opprinnelege budsjettet var det lagt opp til ei investeringsramme på vel 24 millionar kroner, med eit låneopptak på 10,5 millionar.

– At formannskapet flytta to prosjekt frå 2017 til 2018 betyr at investeringsramma er på 21.407 millionar, med lånefinansiering på 8.880 millionar, seier økonomisjef Brita Sollid.

Samrøystes

Formannskapet var samrøystes i si tilråding.

– Kva vert dei største investeringane i komande budsjettperiode slik det ser ut no, rådmann Ann Kristin Langeland?– Det vert forprosjekt og ombygging Hornindal skule og ombygging av den gamle helsedelen ved Hornindal omsorgssenter til omsorgsbustadar.

Avgrensa handlingsrom

– Og kva er dei største utfordringane i dette budsjettet?

– Avgrensa handlingsrom i drifta er den store utfordringa. Særskilt knytt opp til planarbeid og generell sakshandsaming.Rådmannen seier at ein også ser utfordring knytt til pleie- og omsorgstenestene, der ein ser stadig aukande etterspørsel etter tenester, både i heim og på institusjonen.

Alle kan kome med innspel

Rådmann Ann Kristin Langeland legg til at det også vert krevjande å vere utan oppvekstsjef framover, noko som fører til fleire oppgåver på einingane og på dei andre i administrasjonen.

Budsjettet skal no ut på offentleg ettersyn.– Kven kan kome med innspel? – Offentleg ettersyn betyr at alle som vil kan kome med sine innspel/synspunkt på budsjettet. Innkomne merknadar vert lagt fram for formannskap og kommunestyre i samband med budsjetthandsaminga.