- Eg kan ikkje fordra å sitje framfor dataen, seier Briksdal. Då er det godt å ha 23-åringen Maria som ikkje vegrar seg for å jobbe med nettsider og sosiale medier.

I tillegg til at Briksdal er brennande oppteken av skisenteret, er dei tunge tidene i oljebransjen også medverkande til at Briksdal er tilbake i skianlegget. Jobben som forpleiningssjef i Havila-rederiet har ikkje akkurat slite han ut den siste tida, og då passa det inn med eit "comeback" i anlegget han var med og drifta i ein tiårsperiode.

– Men kjem der ein telefon så reiser eg nok ut på dagen. Men det kan eg gjere med så mykje gode folk rundt meg, utan at noko stoppar opp her, seier Briksdal.

Mekaniker frå Spania

For den kokkeutdanna alt-muleg-mannen frå Olden har handplukka eit knippe folk som skal hjelpe han å drive skisenteret. Mellom dei er spanjolen Perfecto Martinez.

– Han har bakgrunn som tungbilmekaniker frå det spanske forsvaret, og har dessutan jobba med kraftlinjemontering, fortel Briksdal, som også har samarbeidd med Martinez i samband med cruisekaia i Olden. I tillegg er Rolf Olav Flo framleis med som driftsleiar og Pål Olav Skåre vert óg sentral hjelpesmann.

Vil sleppe snøproduksjon

Ein vanskeleg økonomisk situasjon har lenge gitt lite spelerom ved skisenteret på Bøanedsetra. Dette gjeld framleis.

– Vi er alle klare over den økonomiske ståda og det blir ikkje brukt eitt øre før vi absolutt må. Punkt ein er å ha snø i anlegget, og då helst natursnø så vi slepp bruke pengar på å lage. Det kostar fort 200.000 å produsere snø ein sesong, seier han.

–Romjula verdt ein halv mill

Eit lyspunkt i inngangen til ny vinter er at førehandssalet av årskort er betre enn på lang tid. No ber Briksdal til høgare makter om gode forhold i romjula.

– Ved gode forhold betyr det minst ein halv million, seier den nye leiaren. I fjor rauk dei kronene på grunn av driftsstopp. Det håpar og trur han går betre i år sidan dei nettopp har gjennomført den påkrevde 5-årsrevisjonen av anlegget. Førre helg vart det også luka vekk smårusk då dei fekk ei tidleg innkøyringshelg etter godt snøfall før i veka.

– Vi lagar klar Steindalen men må sjå vêret an før vi kan love meir ope før jul, seier Briksdal.