Fram til i helga var det berre dei to minste tautrekka som hadde vore i sving i skisenteret på Utvikfjellet. Men med snøfallet mot slutten av veka kunne driftssjef Runar Kleppe endeleg legge ut melding på Facebook, at alle heisar ville kome i drift.

Over 400 besøkjande

Og når tilbodet endeleg var på plass var tydelegvis ikkje publikum vanskelege å be.

– Det gjekk over all forventning. Det var kanonbra besøk og vêret viste seg frå si beste side, er Kleppe si oppsummering etter helga.Tala syner 420 betalande heisgjester på dei to dagane.

– Og i tillegg kjem alle dei som ikkje stod på ski i heisen, men som gjekk skitur i langrennsløypene, understrekar Kleppe. Han fortel at søndag var det flotte løyper til både Fløtrevarden og til Støyvastøylen.

– Alt i alt ei perfekt helg! avsluttar Kleppe.