Med 13 poeng på ni spelte kampar pustar Os-laget Stryn i nakken som på sine 11 kampar har sanka 14 poeng. Når så Os slo Stryn 28-27 i det motsette oppgjeret tidlegare i sesongen skulle alt ligge til rette for ein spennande kamp i Strynehallen.

Bør vinne

Stryn sin lagleiar, Johnny Hove, seier at heimelaget bør vinne om det skal vere realistisk å tenke på opprykk.

Tek Stryn alle poenga mot Os vil spørsmålet om opprykk kome stadig nærare. Klubben har fram til 1. februar å bestemme seg for om den vil reservere seg for opprykk eller ikkje. Innan den datoen er det difor ein del ting som må på plass.

– Vi må i lag med leiinga gjere opp status. Det må kartleggast kven det er som blir med vidare, og kven som gir seg. Vi må også ha klart kva vi treng av spelarmateriell dersom vi skulle rykke opp. Den økonomiske biten er også sjølvsagt viktig å tenke over seier Hove, spent på utfallet av kampen mot Os.

Nikolas Bakkebø er usikker til kampen grunna overtråkk på trening tysdag, men han håpar han kan bli klar. Elles kan det bli eit gjensyn med Kenneth Aaland (20) som er tilbake i strynedrakta etter å ha gjort ferdig militærtenesta.

Damene møter Gneist

Etter at Skrim Kongsberg vann sin siste heimekamp mot Fana 2 ligg Stryn sitt damelag no sist i si 2. divisjonsavdeling. Ein kvartett har skilt seg ut i botnen etter at det har blitt ei luke oppover på tabellen.

Stryn og Skrim ligg under streken med fire poeng kvar, medan Sotra med fem poeng og Runar med seks poeng så vidt held hovudet over vatnet. Det er med andre ord framleis mykje å spele om for Stryn.

At laget likevel kan overraske med gode resultat inni mellom viser blant anna heimesigeren mot Fana 2 før jul. På ein god dag for Stryn kan også Gneist få trøbbel når laga møtest søndag i Strynehallen.