Eldreråda frå Selje, Vågsøy, Bremanger, Gloppen, Stryn og Eid fekk ei nyttig erfaring då dei var samla for første gong sist veke. I følgje møteleiinga vart det ei triveleg og matnyttig samling på rådhuset på Nordfjordeid fredag 6. januar.

Agendaen på det uformelle møtet var å drøfte diverse felles utfordringar og eventuelt meir samarbeid over kommunegrensene. Møtet vedtok å halde fram med felles, årlege samkome for å støtte kvarandre i arbeidet. Alle eldreråda er opptekne av å ta vare på dei eldre sine interesser i kommunane.

– Positivt å dele erfaringar

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne frå Stryn var også representert med fleire medlemmer på samlinga.

– Kva synest du om initiativet til felles samlingar?– Både initiativet og møtet var veldig bra, og samlinga var godt gjennomført. Det er stort sett dei same sakene vi jobbar med. Difor er det veldig positivt å dele erfaringar, oppsummerer Harald Ekroll. Han er leiar i både eldrerådet i Stryn og fylkesrådet for eldre.

– Mange gode idéar

Blant tema som var diskutert var budsjett, planar i kommunane og andre saker i tillegg.

– Det kom fram mange gode idéar som er veldig nyttig i det arbeidet vi gjer. Blant anna ønskjer vi å høyre kva som skjer i andre kommunar. Til dømes innan eldreomsorg, seier Ekroll. Han viser til gode erfaringar frå årlege samlingar med regionrådet i Sogn. Ønsket er å få til eit liknande, fast opplegg i Nordfjord.

Fakta:

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne i Stryn kommune:

Sju ikkje-politiske medlemmer.

Leiar: Harald Ekroll.

Medlemmer: Astrid Irene Hoffart, Helma Krumsvik, Jon Hole, Karin Aaning, Ragnhild Liv Lunde og Sivert Sande.

Vara-medlemmer: Berit Lundevall, Gerd Berit Veum, Inge Arne Bøe, Inger Sørdal, Ingfrid Dårflot og Sigrun Berge Raae.

(Kjelde: Stryn kommune)