På møtet i den førebelse fellesnemnda onsdag var det ingen protestar mot framlegget om å gjere Volda-rådmann Rune Sjurgard til prosjektleiar, og etter kvart rådmann, for den nye kommunen mellom Volda og Hornindal, og at Ann-Kristin Langeland skal inn i ei rolle som assisterande rådmann. Vedtaket blir endeleg fatta til våren, etter at Stortinget har vedteke den nye kommunen, og nemnda går over frå førebels til permanent.

- Ingen maktkamp

Og det var ikkje berre medlemmane i fellesnemnda og dei tillitsvalde frå kommunane som stilte seg bak forslaget. Også dei to hovudpersonane var skjønt einige om denne organiseringa. Maktkampen uteblei totalt mellom dei to rådmennene.

– Nei, maktkamp har det absolutt ikkje vore. Her bruker vi energien til å bygge den nye kommunen, slår dei to fast med eit breitt smil.

– Eg har vore relativt klar på at eg ikkje ønskjer melde meg på denne stillinga. Eg har stor respekt for den jobben Rune har gjort som rådmann, seier Langeland.

– Eg er nok ein rådmann som trivast best med «det indre liv», legg ho til, og utdjupar at jobbing i kulissane er å føretrekke.Sjurgard er like komfortabel med si framtidige rolle, men har også stor respekt for jobben han går inn i.

– Det er ei stor oppgåve. Men vi er heldige som har to organisasjonar med tilsette som har positiv haldning til endring, seier prosjektleiaren.

Musklar i spenn

Sjurgard ser på bygginga av ein ny kommune som først og fremst noko spennande.

– Her får vi mulegheit til å bygge ein heilt ny kommune. Det er unikt og skjer ikkje kvart tiår, seier Sjurgard. Dei to leiarane kjenner kvarandre godt gjennom mange år og har stor tru på samarbeidet.

– Vi skal jobbe tospann og tett i prosessen. Ann-Kristin er ein kjemperessurs. Eg trur dette skal fungere godt, seier den framtidige rådmannen av kommunen som enno manglar eit namn.

Begge er også svært motivert for å kome i gang. Dei har levd litt på vent i kvar sin kommune.

– Ja, det har bygd seg opp masse energi. Det blir godt å få brukt musklane etter å ha spent dei så lenge, smiler Sjurgard.

<strong>Støtte:</strong> Dei tillitsvalde stiller seg bak valet av prosjektleiar. F.v.: Idar Holen (Utdanningsforbundet Hornindal), Oddbjørg Yksnøy Rangsæter (Fagforbundet Volda) og Sirikit Vågen (Utdanningsforbundet Volda).