Barnefilmar og norske filmar er mest populære ved Stryn kino, som i fjor selde 13.635 billettar totalt. Det er 327 færre besøkande enn året før, viser kinorapporten for Stryn kino.

– Vi ligg ganske likt med besøkande frå året før, så det er vi fornøgde med. Vi nærmar oss 14.000 billettar, så vi satsar på å nå dette i år, seier kinosjef og leiar ved Stryn kulturhus, Kari-Ann Kaspersen.

Nok ein gong er norsk film på toppen av dei mest populære visningane i 2016.

– Gode norske filmar er ein trend som held fram, seier ho.

989 personar såg Børning 2, som vart den mest sette filmen ved Stryn kino i fjor. Snekker Andersen er nest mest sett, medan Istid kapra tredjeplassen med 889 besøkande. På botnen ligg A Perfect Day med ingen besøkande.

Desse toppar filmlista for Stryn kino i 2016:

Børning 2 - 9892 (besøkande)

Snekker Andersen - 9053.

Istid - 8894. Kongens Nei - 7755.

Solan og Ludvig - 4786.

Mannen fra Snåsa - 4527.

Et helt halvt år - 4478.

Kjæledyras hemmelige liv - 3919.

Dyra i Hakkebakkeskogen - 33410.

Reisa til Fjørkongens Rike - 332