På vegne av 34 underskrivarar sende Andreas Solvik og Per Ove Kjøs i haust brev til fylkesmannen med krav om å flytte kommunegrensa mellom Stryn og Hornindal til Kjøshammaren.

Dersom innspelet ikkje skulle bli teke til følgje, bad initiativtakarane om at noverande kommunegrense blir flytta vestover slik at Maurset vert samla i Stryn kommune. Kommunepolitikarane i Hornindal sa i haust ja til ei vidare utgreiing i spørsmålet om grensejustering mellom Hornindal og Stryn, primært med tanke på ei ny grense på Maurset.

Departementet som avgjer

Søknaden vart send til fylkesmannen, som sende han vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet utan tilråding.

– I følgje Inndelingslova (lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser) er det departementet som avgjer om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av eit initiativ om grensejustering, og kva som eventuelt er nødvendig omfang av grensejusteringa, seier statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Fjordingen.

Samla prosess

På spørsmål frå Fjordingen om kvar i prosessen søknaden ligg, svarar statssekretæren at søknaden ligg på vent saman med alle andre liknande søknadar.

– I samband med kommunereforma ligg det føre fleire initiativ om utgreiing av grensejustering. Departementet meiner difor det er hensiktsmessig å leggje opp til eit samla løp for handtering av alle desse initiativa, seier Ellingsen. – Kor mange er det snakk om som ønskjer grensejusteringar i samband med kommunereforma?– Departementet har ikkje laga oversikt over grensejusteringssaker. Det er variasjon i sakene, nokre av sakene som er omtala er formelle initiativ, andre er forslag frå enten fylkesmenn eller privatpersonar. Vi kan difor ikkje gje noko anslag på talet på saker som gjeld grensejusteringar, seier Ellingsen.

Vil vedta regionane først

Kommunal- og moderniseringsdepartementet førebur no ein proposisjon til Stortinget om kommunestrukturen.

Denne skal fremjast før påske 2017, i følgje departementet. Men dei som måtte ha håpa at spørsmålet om grensejustering skulle kome med i denne, blir skuffa.– Initiativ om grensejusteringar vil i utgangspunktet ikkje bli omtalt i denne, seier statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Grete Ellingsen. . – Når kan det tidlegast vere snakk om å avgjere spørsmålet om grensejustering?– Initiativa til dette vil bli følgt opp etter at Stortinget har behandla proposisjonen og vedteke samanslåingane til nye regionar.