– Når regjeringa gjennom økonomsike virkemiddel legg opp til kommunesamanslåing, burde det vere duka for heile Nordfjord som ein kommune. Vi er positive til at Eid og Selje no vil slå seg saman.

Det seier Kari Laila Skrede (71) og Jon Martin Holmøy (38).

Skrede er leiar i Sudstranda Grendalag og tidlegare Sp-politikar på fylkes- og kommuneplan. Holmøy er leiar i Von IL, Venstre-politikar i Eid kommunestyre og har etablert seg med familien i det nye bustadfeltet på Høgda i Holmøyane.

Dei bur lengst aust i Eid. Grenda ved Hornindalsvatnet strekkjer seg meir enn ei mil lenger austover enn dei vestlegaste delane av Stryn. Så geografisk er det ein del av indre Nordfjord som eventuelt vil kome i same kommune som Selje.

Frå brede til hav

Avstanden i luftlinje frå Holmøyane til ytste Stadlandet tilsvarer avstanden til Høyanger og Sogndal i sør, Bismo i aust og Romsdalsfjorden i nord. Skrede og Holmøy er ikkje skræmde av dette:

– Helst burde heile Nordfjord vore med. «Nordfjord frå brede til hav», siterer Kari Laila Skrede frå Nordfjordsongen. Som Sp-politikar er ho i utgangspunktet mot samanslåing. Men når dei økonomiske rammevilkåra tilseier slike grep, meiner ho eit samla Nordfjord er det beste. Jon Martin Holmøy er samd. Begge tykkjer det er greitt at Eid går saman med Selje. Men det burde vore fleire.– Kvar rådhuset er plassert, betyr lite for den vanlege innbyggjar i vår teknologiske tidsalder. Det viktige er at kommuneøkonomien sikrar folk dei tenestene dei har krav på. Nærleik til tenestene med desentraliserte strukturar er det essensielle, ikkje minst på omsorgssektoren, seier dei.

Med Nordfjordboka har Jon Tvinnereim oppnådd det politikarane ikkje har greidd, å samle Nordfjord, konstaterer Jon Martin Holmøy og Kari Laila Skrede. Foto: Hans Holmøyvik

Ingen utkant

At grenda deira vil bli ein austleg utkant i ein kommune samansett av Eid og Selje, uroar ikkje Skrede og Holmøy.

– Vi bur sentralt i Nordfjord ved E39 og riksveg 15, og nyttar oss av kultur- og servicetilbod både i Eid, Hornindal og Stryn. Samt Ørsta/Volda og Sandane.

Apropos sentralt: Dei to viser til at med ein times køyretid, kan dei nå eit titals skisenter. Og dei kan køyre til 16-17 kommunesenter innan halvannan time. Så noko negativt utkantstempel vil ikkje Kari Laila Skrede og Jon Martin Holmøy vere med på, uansett kommunestruktur.