Direktesending av kommunestyremøta har vore eit viktig bidrag til at innbyggjarane på ein enkel måte får innsyn i politiske prosessar, men når saka kom opp var det fleire som stilte spørsmål kring nytteverdien av dette og stilte spørsmål om kor mange som følger med på desse møta via kommunen sine nettsider.

Det vart og gitt uttrykk for at det aktuelle systemet, Kommune-TV, er svært kostbart.

Jan Træen (Ap) føreslo først å droppe TV-overføring av desse møta, men etter eit gruppemøte kom han i staden med forslag om å utsette saka.

– Kommunestyret ber om at administrasjonen greier ut faktisk nytte og behov for ei videoløysing og eventuelt kjem tilbake med ei vesentleg rimelegare løysing, heitte framlegget frå Jan Træen (Ap) som vart samrøystes vedteke.

Sidan 2006 har Stryn, som ein av dei første kommunane i Sogn og Fjordane, direktesendt sine kommunestyremøte frå kommunen si heimeside.

Innbyggjarane har hatt mulegheiter til sjå møta direkte, og det har vore høve til å kunne sjå video-opptak av handsaming av den einskilde sak i etterkant.

Årsaka til at systemet no er utdatert er at kommunen i fjor tok i bruk eit nytt sakshandsamarsystem (WebSak Fokus 7). Dette systemet let seg ikkje integrere med videoløysingsystemet.

– Fram til no har ein brukt eitt kamera til filming av møta. Det har vore personell til stades på møta som har styrt kameraposisjonar og ført logg for å legge til rette for publisering av film pr. sak i etterkant. Etterarbeidet har vore tidkrevjande og det har vore trong for spesiell kompetanse, skriv rådmannen. Det nye systemet, som kommunestyret vil forkaste, nyttar to til tre fastmonterte kamera.

- Dei som ser på opptaka kan velje kva kameraposisjon dei vil sjå ifrå. Det er også integrasjon mellom saklista og film. Systemet skal ikkje krevje mykje etterarbeid, går det fram av saksframlegget der rådmannen vurderte saka slik:

– Fleire nordfjordkommunar går i drift med denne løysinga i nær framtid. I forhold til val av support og teknisk utstyr, er det ein fordel at kommunane i Nordfjord nyttar einsarta løysingar, skriv rådmannen som altså hadde tilrådd at kommunen held fram med direktesending av kommunestyremøte og innkjøp av nytt system ved bruk av investeringsfond.