Turistinformasjonen i Olden er blitt digitalisert.

– Dette er eit nytt og spennande tilbod. Er det vellukka kan det bli aktuelt å ta det i bruk også andre stader, fortel Ann Helen Blakset i Reisemål Stryn & Nordfjord medan det rullar informasjon og bilde over to store skjermar.

– Når alt er på plass kan turistane gå inn sjølve og leite fram både overnatting- og aktivitetstilbod, og der er også eit telefonnummer til turistkontoret i Stryn om dei skulle stå heilt i beit.Informasjonen er på tysk, engelsk og norsk, men dei får også tilgang til data slik at dei kan logge på eige datautstyr.

Nytt i år

Det er prøvd liknande løysingar i Oslo tidlegare, men det er første gangen i Stryn.

– Med denne løysinga greier dei seg med færre tilsette. Tittelen over skjermane er «Visit informasjon». Ein skjermen er ein inspirasjonsskjerm der det skifter frå eine naturperla til den andre. Alt er bada i solskinn, men Blakset lovar også gråvêrsbilde. Den andre skjermen er rein informasjon om kvar dei kan finne dei ulike tilboda.