– Ein fantastisk oppleving, ikkje berre for passasjerane, men også for mannskapet – mange har aldri sett snø før! Dette blir ikkje siste gongen vi kjem hit. Ryktet kjem til å spreie seg fort! sa kapteinen for Disney Magic då skipet for første gong gjesta Olden.

Skal pryde veggen ombord: Kaptein Tom Forberg tek imot kommunevåpenet til Stryn frå ordførar Sven Flo. Mikke er med. Foto: Gunnhild Sindre
Eleganse: Frå atriet ombord på skipet, med inngangen til den eine restauranten. Her finn du Mikke i messing. Foto: Gunnhild Sindre
Leikerom i særklasse: I Andy›s Room kan borna leike med «dei ekte» leikene frå Toy Story. Disney Magic er innretta med tanke på born: Det finst ikkje eit einaste casino ombord, men desto meir leikeareal. Foto: Disney Cruise Line

Disney-konsernet eig fire cruiseskip, og fredag gjesta Mikke Mus og mannskapet hans for første gong Nordfjord og Olden.

Det vart full klaff med strålande ver, og alt som kunne krype og gå av sjåførar og bussar måtte setjast i sving for å frakte passasjerar ut på utflukter. For 90 prosent av dei som var ombord var amerikanarar, og dei ville ut og oppleve folket og naturen dei hadde sett på filmen Frost (Frozen). Difor var det også ei gruppe som sette kursen for Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

Stor trafikk: Jan t.d. og Astrid Svår i sikkerheitssjekken på land hadde hendene fulle frå tidleg på morgonen. Inne i skipet er det sikkerheitssjekk på same måte som på ein flyplass. Foto: Gunnhild Sindre
Port of Olden: Svært populær bakgrunn å fotografere kvarandre mot. Foto: Gunnhild Sindre
Ut på tur: Disney-passasjerar på segwaytur mot Skarsteinskaia. Foto: Gunnhild Sindre
Velkomen: Sølve Oldeide, driftsleiar for Nordfjord Hamn, møtte Disney Magic i Olden. Foto: Gunnhild Sindre

Fortalde om Hoven Loen

I tillegg var det sjølvsagt korte og lange utflukter, for å sjå bre og fjord og fjell. Til lands, til vanns og i lufta med, som Askeladden sa det, for nokre drog med bussar og bilar, andre la ut på fjorden i ribbåt og nokre vart henta i helikopter.

Ordførar Sven Flo var invitert ombord på skipet og fekk møte favoritten Mikke Mus.

Beate Vik Hauge frå Reisemål Stryn & Nordfjord helsa også Disney velkomne til Nordfjord, og nytta høvet til å orientere om taubaneprosjektet Hoven Loen. – Ein ekstra grunn til å kome tilbake, fastslo ho. Jobba hardt Og den norske kapteinen på Disney Magic, Tom Forberg, har stor tru på meir Disney her:

– Dette har vore veldig populært. Dei norske cruisa vart selde ut på ein time, fortel han.

Disneyfilm: Storskjerm med bassenget. Folket på Skarstein kunne sjå Toy Story 2 frå stova heime. Foto: Gunnhild Sindre
Detaljar: Disney-skipa inneheld mange, små detaljar, som heispilene, til dømes! Foto: Gunnhild Sindre
Vinka: Olden Barnehage avd. Harepus hadde møtt fram for å vinke til Mikke Mus: Rebecca, Kristoffer, Oline, Live, Birk, Oline, Oliver, Olivia, Helen, Oliver, Sebastian, Runar og dei vaksne Tina, Lise Mari, Elisabeth og Anita. Foto: Gunnhild Sindre