Det sisteoffisielle oppdraget Åshild Kjelsnes hadde som fylkesordførar varpå det siste offisielle treffet til Tysklandsbrigadenesveteranforbund, avd. Sogn og Fjordane.

– Det er ei ære for meg å fåvere ilag med dykk på ein slik historisk kveld. Eg føler megprivilegert som er ønska av dykk. Eg kan eigentleg ikkje tenke megein meir verdig måte for eigen del å sette punktum for mineoffisielle oppdrag som fylkesordførar eller eit finare oppdrag åkunne bruke fylkesordførarkjeda for siste gong, sa Kjelsnes då hodeltok på festmiddagen på Skei laurdag.

Tysklandsbrigaden er namnet på dennorske vaktstyrken som tenestegjorde i Tyskland frå 1947 til 1953.Brigaden var del av den allierte okkupasjonsstyrken, som blant annaskulle sikre ro og orden, og passe på at det ikkje skjedde noko –eller vart førebudd noko – som trua freden. Til saman var over 50000 norske soldatar i Tyskland i desse åra, om lag 1500 frå Sogn ogFjordane – eit tal fylkesordføraren har merkt seg.

– Det er einstor kontingent frå eit lite distriktsfylke, og det viser at folk iSogn og Fjordane var med og tok eit stort samfunnsansvar, sa Kjelsnes mellom anna.