Regjeringa har i framlegget til statsbudsjett foreslått ei statleg investeringsramme på 116,7 millionar kroner til fylkesvegar i Sogn og Fjordane. Dette av total investeringsramme på 3 milliardar kroner. Renteskompensasjonen for transporttiltak i fylket er sett til 12 millionar kroner.

Når det gjeld riksvegar, er det forslag om ei ramme på 132 mill. kroner for riksveg 15 Otta i Oppland til Måløy,  i Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane går 76 millionar av desse til utbetringstiltak/vegutviding, gang- og sylkkelveg mellom Nord og Hjelle.  Det vert også sett av midlar til planlegging og grunnerverv. På Opplandssida av riksveg 15, blir resten av midlane brukt. Det meste til gang- og sykkelvegprosjekt i Lom.

Svein Sunde i Gode Vegar AS seier til Fjordingen at midlane er som forventa:

- Det er mykje planarbeid i gong, og før avklaringane skjer, kan det heller ikkje bli store midlar. Når det gjeld E 39, ligg det inne planmidlar for ferjefri E39 på godt 100 millionar kroner. Det er der fokuset no ligg i 2016, seier Sunde.