- Det ligg inne planleggingsmidlar for E39 Byrkjelo-Grodås i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Dette vert bekrefta frå fleire hald utan at det er spesifisert summar.

- Det  var nok mange som ikkje oppfatta dette på pressetreffet i Florø i går. Det er ein stor pott på planleggingsmidlar for E39, og Byrkjelo-Grodås ligg inne som ei eksplisitt føring, seier Hogne Bleie, politisk nestleiar i Sogn og Fjordane Frp. Han meiner det er god sjanse for at strekninga kjem inn i ny Nasjonal Transportplan som skal vedtakast våren 2017 for 2018-2030,  og at vegstrekninga kan bli bygt i den perioden.

Når det gjeld fylkeskommunale vegar og rassikring, blir det tøft for fylkeskommunen. Leiar i samferdsleutvalet i fylket, Arnstein Menes (Sp) gjer det likevel klart at Flovegen no står for tur etter at fylkest inget i desember gjekk inn for rassikring med lang tunnel.

Mange er redde for at det ikkje vert nok oppstartmidlar til Flovegen neste år, men Menes seier at dette må dei få til uansett. Fylkesrådmannen skal orientere fylkespolitikarane om den økonomiske stoda over helga, seier han.