Mange har analysert resultata av kommune- og fylkestingsvalet rundt om i landet og konkludert med at det finst for mange «sigersherrar» både i kommunepolitikken og fylkespolitikken. Uttrykket «sigersherrar» er meint bokstaveleg, fordi valet mange stader har resultert i alt for dårleg kvinnerepresentasjon.

I januar i fjor sendte kommunalminister Jan Tore Sanner brev til 72 kommunar rundt om i landet som alle hadde under 30 prosent kvinneandel i kommunestyra. Stryn var ein av desse kommunane med ein kvinnerepresentasjon på 28 prosent. Kommunalministeren fortalde at kommunane med lågast kvinneandel ville få tilbod om hjelp frå forskarar for å jobbe med problemet lokalt.

Resultatet etter valet er ikkje oppløftande med tanke på kvinnerepresentasjonen i Stryn. I staden for større utjamning gjekk det gale vegen. Dei neste fire åra har Stryn berre seks kvinner i kommunestyret. Seks av totalt 25 representantar. Det gir ein andel på 24 prosent. Nabokommunen Hornindal er betydeleg betre stilt med sju av 17, noko som gir ein kvinnerepresentasjon på 41 prosent.

Om partia er flinke til å tenkje begge kjønn når partilistene vert sett opp, er det uansett veljarane som avgjer kven som vert vald inn. Det er demokratiet sin pris. Likevel er det synd når resultatet endar opp med stor ubalanse. Lokalpolitikken bør mest mogleg spegle lokalsamfunnet med den fordeling vi har både kjønns- og aldersmessig. Med 24 prosent kvinner er kommunestyret i ubalanse. Ein ubalanse som i enkeltsaker kan gje anna utfall enn om representasjonen hadde spegla befolkninga betre. Det er ei ekstra stor utfordring for dei som skal utøve politikken for Stryn dei neste fire år.

Det er og ei utfordring med tanke på signaleffekten særleg for yngre kvinner. Låg kvinneandel og null kvinner i leiande posisjonar er langt frå bra.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør