Skulen gjer mangenynorskbrukarar reelt tospråklege, men dei fleste bokmålsbrukaraneblir verande eittspråklege, går det fram av ei pressemelding frå Aasentunet. - År om anna svarar talet pånynorskbrukarar på 10. steget i Sogn og Fjordane til talet på deisom ikkje har sidemålsundervisning i Oslo-skulen,  skriv OttarGrepstad i «Språkfakta 2015».

I 20 år har han arbeidd med åutvikle, samle og analysere statistikk som dokumenterer utbreiingaav språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015» medundertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda». Direktøreni Nynorsk kultursentrum har redigert 867 tabellar og kommentereralle. Frå og med Den europeiske språkdagen 26. september blir eitnytt kapittel publisert kvar dag på Aasentunet.no, fritttilgjengeleg for alle. I skuleåret 2014/15 hadde 77 000 elevarnynorsk som førstespråk, og 538 000 hadde bokmål. Nynorskbrukaraneutgjorde då 12 prosent av elevane, mot 15 prosent i 2000.Nynorskprosenten var noko høgare i barneskulen enn ungdomsskulen,skriv Grepstad.

Det språklege mangfaldet har auka mykje i Noreg deisiste tiåra. I skuleåret 2014/15 gjekk elevar med 108 ulike morsmåli skulen. Dei tre største innvandrarspråka var somalisk, polsk ogarabisk. Utover på 2000-talet hadde jamt fleire elevar samisk somførstespråk, medan færre hadde kvensk eller finsk. Mange fleireelevar fekk morsmålsundervisning i store innvandrarspråk enn isamisk og historiske minoritetsspråk.

Fem språkfakta 1.Våren 2015 tok 8800 norskprøva for innvandrarar – to prosent gjordedet på nynorsk 2. Tre av ti nynorskkommunar veit ikkje kva språkbarnehagane i deira kommunar bruker 3. Mellom 2000 og 2014 harelevar med 206 morsmål fått opplæring i norsk grunnskule 4.Folkeflytting betyr meir enn folkerøystingar for nynorsk og bokmåli grunnskulen 5. Jølster og Vanylven var åleine om å ha berrenynorskelevar i 1994, 2004 og 2014 Kjelde: Ottar Grepstad:Språkfakta 2015, Aasentunet.no