Første arbeidsdag som politistudentar i praksisplass vart dei kasta rett ut i jobb for å oppklare innbrotsraid. Og dei løyste saka.

31. august kom meldinga om det tredje innbrotet på tre veker ved busstasjonen i Stryn. Dette var første arbeidsdag for politistudentane Yngvild Østberg og Mathias Eikrem Engeset ved Stryn og Hornindal lensmannskontor. Som dermed vart kasta rett ut i etterforskingsarbeid.

– Spennande og utfordrande på same tid. No var det ikkje eit tenkt tilfelle i skulekvardagen, men ei reell sak vi skulle løyse. Utan å øydeleggje spor. Dermed handla det om å gjere dei rette vurderingane både med omsyn til kvar vi kunne gå sjølv og korleis vi skulle gå fram for å sikre spor, fortel Eikrem Engeset og Østberg.

Politibetjent Jan Tore Sunde var med dei på jobb, men let studentane utføre undersøkingane og sikring av spor.

Utan å gå i detalj, stadfestar politibetjent Sunde at politistudentane sikra seg fleire spor, blant anna DNA.

– DNA vart så sendt til Folkehelseinstituttet. Der fekk vi treff på ein person som allereie låg inne i databasen. Det er ein mann frå Litauen som har tilknyting til Stryn. Vedkomande vart pågripen i Stryn før helga og teken inn til avhøyr. I løpet av avhøyret erkjente han alle dei tre innbrota ved busstasjonen samt innbrotet ved Stryn stadion, fortel politibetjent Sunde.

-Det er sjølvsagt artig at saka vart løyst ved funn og treff på DNA, seier dei to studentane.

Første innbrotet ved rutebilstasjonen skjedde 10. august. 19. august vart det meldt om nytt innbrot, utført på same måte og med same mål; stele pengar frå sjåførrommet. Då same episode gjentok seg 31. august, var saka i ferd med å bli eit alvorleg problem både for busselskapa og politiet.

– Det er viktig for oss å løyse slike saker, og takka vere godt arbeid på åstaden klarte vi å løyse saka, seier politibetjent Jan Tore Sunde.

Samla utbyte av innbrota ved busstasjonen skal vere eit ikkje ubetydeleg pengebeløp, medan ein grasklippar og ein kantklippar vart stolen frå stadion. Ingen ting av tjuvgodset er kome til rette.