E39 Skredestranda er stengd på grunn av jordras, melder Statens vegvesen.

Ny vurdering vert gjort klokka 09.00 laurdag.

Ein del bilar passerte på staden etter at det hadde rasa, men det var mykje stein, vatn og jord i vegbana, fortel ein bilførar som kom til staden kort tid etter. Det er uklart om det har kome meir masser ned etter at bilane passerte.

Statens vegvesen opplyser til Fjordingen at raset delvis har gått der det store raset gjekk for eit par år sidan, og delvis har gått i nytt løp.