23. november vart Fjord1 vedteken seld til konkurrenten Torghatten. Vedtaket vart gjort med knappast mogleg fleirtal, 16 mot 15 røyster. Mange av dei som var med på å avgjere salet har kort fartstid i fylkestinget. Dei aller fleste av politikarane fekk innsyn i store mengder kompliserte dokument berre eit par timar før vedtaket vart fatta.

Sjeldan eller aldri har det storma så mykje rundt eit fylkestingsvedtak som i denne saka. Om det er eit lovleg fatta vedtak, står att å sjå. For ikkje berre stormar det verbalt. Mindretalet har kravd lovlegkontroll av vedtaket og Havilafjord som er minoritetseigar i Fjord1 har sagt klart frå at dei tek saka til retten. På toppen av dette har administrerande direktør, styreleiar og fire styremedlemmer i Fjord1 trekt seg etter salet.

Salsprosessen er blitt kritisert hardt av mange. Knallhardt. Av fleire aviser på leiarplass, av professorar og økonomar. Kritikken bør gå inn på fleirtalet som avgjorde salet. Kritikken bør særleg gå inn på fylkes rådmannen og fylkesordføraren som har avgjort korleis prosessen skulle køyrast. I ettertid kjem det fram at selskapet sjølv ikkje er blitt spurt om kva som ville vere det beste for Fjord1. I ettertid er det og kome fram at minoritetseigar Havilafjord på tampen av prosessen forsøkte å få til eit eigarmøte – men at dei møtte stengd dør.

I følgje avisa Firda kom Havilafjord fire dagar før salet med eit framlegg til løysing som fylkestinget aldri fekk vite om. Dersom det stemmer, er det svært alvorleg. Ikkje berre fordi ein minoritetseigar og samarbeidspartnar gjennom fleire år ikkje vart høyrd, men like mykje fordi fylkesrådmann og fylkesordførar i så fall har halde viktige opplysningar skjult for dei som skulle gjere vedtak. Opplysningar som kunne gitt saka eit anna utfall.

Dette er ei særs dårleg sak for fylkeskommunen og i særdelesheit for toppleiinga. Bevisst å køyre ein prosess mot retten tyder på dårleg sjømannskap.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør